Vinteren på vei..

Leste nettopp at Norge hadde den varmaste septembertemperaturen på 75 år, so ej tenkte det va en fin anledning til å skrive en oppdatert post om mongolsk klima, i mangel på anna å skrive om.

For tre veke sida viste gradestokken 42 grade i Ulaanbaatar og ej kunne vel ikkje unngå å tenke på kor deilig det ville bli å få vinteren på besøk. Vel, akkurat i det vi bladde over til September måned, fekk ej ønsket mitt oppfylt, og temperaturane sank drastisk. Minusgradene kom snikandes utover natta, frostrøyken meldte sin anmarsj og no på mandag kom attpåtil det første snøfallet. At vinteren varte et halvt år her nede, va ej forsovidt klar over, med Sibir som næraste nabo i nord og en hovedstad som ligg 1400 m.o.h, men ej hadde kanskje tenkt at ej blei spart det verste til oktober.

Det at ej opprinnelig skulle til Afrika men endte opp her, ser ej på ingen måte som noke problem, for ej storkosa mej i Mongolia. Men det e klart at enkelte utfordringa når det gjeld kulde, kunne ej kanskje vore foruten i Etiopia. Men du lære dej overlevelsestriks etterkvart som tida gjeng. Foreksempel å ikkje smøre inn kroppen med såpe FØR du testa vatnet i dusjen.

Den manglande rutinen min resulterte i 15 minutt med umenneskelig tortur. Ej tok mej sjøl i å lure på korleis det e fysisk mulig at so kaldt vatn kan komme i væskeform, men det va vel stort sett det einaste ej klarte å tenke på mens ej haldt på. Ikkje berre e vatnet iskaldt, men det e ikkje akkurat et fossefall som kjem ut. Då hadde ej iallefall klart å tatt en turbodusj og vore ferdig på 30 sekund. Vanskelig å forklare kor lavt trykket e, men for å sitere kollega Tarjei i Khovd: “Vanntrykket i mongolske dusjer gir meg egentlig følelsen av at dusjhodet spytter på meg.” So du blir altso nødt til å stå der ei stund viss du ska få noke effekt.

Ej tør ikkje anslå temperatur, men at det va over 5 grade hadde ej vanskelig for å tru akkurat då. Ej satte iallefall ny personlig rekord i hyperventilering og gåsehud fleire gonga gjennom økta. Det e ikkje like kaldt på rommet mitt (enda), men det hadde gjort sej med en 10 grade varmare. Resultatet e at dyna blir berre vanskeligare og vanskeligare å komme sej ut av om morgonen. På toppen av det heile braut radiatoren vår sammen i går 😛

MEN vi får sannsynligvis ordentlig varme på etter helga, eller ej håpa ej tolka utleigaren rett, ho sa noke med den 15. September og smilte iallefall. Men uansett varme eller ikkje, hadde ej fått sjansen so hadde ej ikkje nølt et sekund med å bytta tilbake dei 40 gradene som ej va so misfornøgd med for tre veke sida, men det bevise nok en gong mi manglande dømmekraft.

So for å oppsumere; ej he det heilt utrulig bra (nei, det va ikkje ironisk, ej lika berre å syte) og føle virkelig at ej e på rett plass det året her! Ej får fleire og fleire bekjentskap kvar einaste veke og det berika mej veldig. Ikkje berre som person, men også åndelig. Og ej kjem til å skrive meir om slike moment på bloggen framover. Skal prøve å ikkje få koldbrann før den tid 🙂Image

Landsbygutt på vei ned for å hente vatn til familien sin.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s